Emese Hunyady (fødd 4. mars 1966) er ein ungarsk-austerriksk skeiseløpar frå Budapest som representerte Austerrike frå 1985. Ho vart europameister 1993, verdsmeister i firkamp 1994 og olympisk meister på 1500 meter i Lillehammer-OL 1994.

Emese Hunyady


Statsborgarskap Ungarn, Austerrike
Fødd 4. mars 1966 (58 år)
Budapest
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1984, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 1500 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1992 – 3000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 3000 meter damer

Utmerkingar

æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Hunyady slo seg opp i verdseliten på skeiser i OL-sesongen 1992. Ho kom då på andreplassen både i EM og i firkamp-VM, begge meisterskapane avvikla i Heerenveen. Ved Vinter-OL 1992 i Albertville sikra ho seg bronsemedaljen på 3 000 meter. I 1993 vann Hunyady i Heerenveen europmeisterskapen, medan ho vart nummer to i firkamp-VM i Berlin. Vinteren 1994 enda ho på tredjeplass under EM på Hamar, før ho ein månad seinare steig heilt til topps på sigerspallen etter firkamp-VM i Butte i USA. Eit par veker etter verdsmeisterskapen var ho tilbake på OL-isen i Hamar, der ho fyrst tok sølvmedaljen på 3 000 meter for så å vinne OL-gullet på 1500-meteren. I 1999 kneip ho gullmedaljen på 1500 meter under VM i enkeltdistansar.

Hunyady la opp etter 2003-sesongen. Saman med sin andre ektemann, den finske skeiseløparen Timo Järvinen, busette ho seg i Sveits.

Kjelder endre