Skeise-VM 1990 i sprint-firkamp

Verdsmeisterskapen 1990 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 25. og sundag 26. februar på Tromsdalen kunstisbane i Tromsø. Meisterskapen var den 21. i sprint-firkamp. 58 utøvarar, 31 karar og 27 kvinner, deltok i meisterskapen.

Ki Tae-bae frå Sør-Korea vart verdsmeister, like framom sovjetiske Andrej Bakhvalov. Det var fyrste gongen ein sørkoreansk utøvar vart verdsmeister i lengdeløp på skeiser. Uwe-Jens Mey frå Aust-Tyskland var bestemann på begge 500-meterane, men fall og braut den fyrste 1000-meteren. Igor Zjelesovskij vann den fyrste 1000-meteren, Andrej Klimov den andre, begge representerte Sovjetunionen. Austtyske Angela Stahnke Hauck vart verdsmeister i kvinneklassa, etter å ha vunne begge 500-meterane. Christine Aaftink frå Nederland sigra på 1000-meteren om laurdagen, Bonnie Blair frå USA om sundagen.

Verdsmeisterskapen 1990 i skeise-sprint/Menn endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Ki-Tae Bae   Sør-Korea 154,400
  Andrej Bakhvalov   Sovjetunionen 154,420
  Igor Zjelesovskij   Sovjetunionen 154,820
4 Dan Jansen   USA 155,100
5 Yasunori Miyabe   Japan 155,910
6 Aleksandr Klimov   Sovjetunionen 155,990
7 Hozumi Moriyama   Japan 156,200
8 Satoru Kuroiwa   Japan 156,515
9 Toshiyuki Kuroiwa   Japan 157,120
10 Olaf Zinke   Tyskland 157,220
11 Arie Loef   Nederland 157,265
12 Dave Besteman   USA 157,340

Dato: 25./26. februar

Verdsmeisterskapen 1990 i skeise-sprint/Kvinner endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Angela Stahnke Hauck   Aust-Tyskland 169,090
  Bonnie Blair   USA 169,395
  Christine Aaftink   Nederland 169,455
4 Seiko Hashimoto   Japan 171,365
5 Herma Meijer   Nederland 171,975
6 Monique Garbrecht   Tyskland 172,180
7 Kyoko Shimazaki   Japan 173,470
8 Yoo Seon-hee   Sør-Korea 174,155
9 Edel Therese Høiseth   Noreg 174,255
10 Heike Pöhland   Tyskland 174,460
11 Tatjana Martynova   Sovjetunionen 175,050
12 Svetlana Kopylova   Sovjetunionen 175,080
13 Else Ragni Yttredal   Noreg 175,405

Dato: 25./26. februar

Kjelder endre