Tromsdalen

bydel i Tromsø i Troms

69°38′42.533″N 18°59′33.414″E / 69.64514806°N 18.99261500°E / 69.64514806; 18.99261500

Tromsdalen

Tromsdalen er ein bydel i Tromsø og ein tettstad i Tromsø kommune og ligg på fastlandssida av byen. Mot nord grenser Tromsdalen mot Tomasjord og i sør mot Solligården. Bydelen har fått namn etter dalen som ligg søraust for området og går frå Tromsdalstinden ned til Tromsøysundet, sundet mellom fastlandet og Tromsø. Tettstaden hadde i 2014 16 271 innbyggjarar.

Tromsdalen kirke – betre kjent som Ishavskatedralen – er eit særs kjent landemerke i Tromsdalen. Kyrkja står på ein endemorene frå siste istid ved brufestet til Tromsøbrua (bygd 1958-1960) som knyter Tromsdalen saman med Tromsøya.

Nemneverdig endre

 
Kveldsbilde mot Tromsdalen frå Tromsøya.

Kultur endre

Forfattaren John Giæver er nært knytt til Tromsdalen. Han har skrive eit vent minne om dalen og Tromsdalselva i novella "Min barndoms elv". Forfattaren Lars Kornelius Edvard Berg busette seg i Tromsdalen etter krigen. Han etablerte Tromsøysund framhaldsskole i 1945, og skreiv alle sine etterkrigsromanar her. Lars Berg arbeidde utrøyteleg for etableringa av ei nordnorsk teaterscene og vert rekna som Hålogaland teaters far sjølv om han sjølv aldri fekk oppleve stiftinga av denne nordnorske kulturinstitusjonen. Humoristen og forfattaren Arthur Arntzen er fødd og oppvaksen i Tromsdalen. Her debuterte han på scena med sin Oluf, og den lokalkjende vil kjenne Raillkattlia som ein stad ved Lillebrua som går over Tromsdalselva. Lyrikaren Helge Stangnes har hatt virket sitt i Tromsdalen i eit halvt århundre. Viseduoen Tobben og Ero (Torbjørn Willassen og Jan Ero Olsen) kjem òg frå dalen. Dei gav ut fleire plater med eigne melodiar til dikt av forfattarar som Arnulf Øverland og Knut Hamsun. Karrieren deira var kort, men hektisk. Dei samarbeidde mellom anna med Cornelis Vreeswijk. Visekunsten deira fekk stor tyding, ikkje minst som inspirasjon for andre. Blant dei som lét seg inspirere var Tromsdalsguttene Jørn Hoel og Steinar Albrigtsen. Dei har gjeve ut fleire plater, både som duoen Jørn & Steinar og kvar for seg. Visesangerne Bente Reibo (Nordnorsk visegruppe) og Turid Pedersen (Nøkken) er frå Tromsdalen.

Institusjonar og føretak endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre