Skeise-VM 1994 for kvinner
Verdsmeisterskapen på skeiser 1994 for kvinner vart avvikla i Butte i delstaten Montana i USA helga 5. og 6. februar 1994. 23 utøvarar frå 11 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.
Emese Hunyady frå Austerrike vart verdsmeister etter å ha fått bestetid på dei tre lengste distansane, medan tyske Ulrike Adeberg gjekk den snøggaste 500-meteren og vart nummer to i meisterskapen.
Skeise-VM 1994
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Emese Hunyady | Austerrike | 177,480 | |
Ulrike Adeberg | Aust-Tyskland | 178,733 | |
Mihaela Dascălu | Romania | 178,943 | |
4 | Noriko Munekata | Japan | 179,570 |
5 | Anni Friesinger | Aust-Tyskland | 180,401 |
6 | Mie Uhara | Japan | 180,670 |
7 | Emese Antal | Austerrike | 182,073 |
8 | Anette Tønsberg | Noreg | 182,171 |
Dato: 5./6. februar 1994
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wereldkampioenschap schaatsen allround vrouwen 1994» frå Wikipedia på nederlandsk, den 9. desember 2020.