Skeise-VM 2011 i firkamp

Verdsmeisterskapen på skeiser 2011 i firkamp vart avvikla i Calgary i Canada helga 12.-13. februar. 24 kvinner og like mange menn frå 15 ulike land deltok i meisterskapen.

Ivan Skobrev frå Russland vart verdsmeister, som den fyrste frå Russland på 24 år. Han var også bestemann på 5 000 meter og 1500 m. Norske Håvard Bøkko, som for tredje gong vart andremann samanlagt, sigra i milløpet på ny norsk rekord. Shani Davis frå USA sette meisterskapsrekord på 500 meter. Ireen Wüst frå Nederland vart verdsmeister for andre gong, fire år etter den førre VM-triumfen. Ho fekk også bestetid på 1500 meter. Christine Nesbitt frå Canada vann 500-meteren, tsjekkiske Martina Sáblíková 3 000 meter og tyske Stephanie Beckert 5 000 meter.

Noreg hadde seks deltakarar med i meisterskapen. Omframt Håvard Bøkko på andreplass, vart Ida Njåtun og Sverre Lunde Pedersen begge nummer 14, Henrik Christiansen nummer 16, Hege Bøkko 17 og Mari Hemmer 21.

Skeise-VM 2011

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Ivan Skobrev   Russland 146,230
  Håvard Bøkko   Noreg 146,408
  Jan Blokhuijsen   Nederland 146,603
4 Koen Verweij   Nederland 146,948
5 Jonathan Kuck   USA 147,693
6 Brian Hansen   USA 147,899
7 Shani Davis   USA 147,900
8 Wouter Olde Heuvel   Nederland 148,788
9 Shane Dobbin   New Zealand 150,003
10 Renz Rotteveel   Nederland 150,325

Dato: 12.–13. februar

Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Ireen Wüst   Nederland 157,313
  Christine Nesbitt   Canada 158,939
  Martina Sáblíková   Tsjekkia 159,287
4 Marrit Leenstra   Nederland 159,620
5 Cindy Klassen   Canada 159,922
6 Jorien Voorhuis   Nederland 160,221
7 Jilleanne Rookard   USA 160,654
8 Diane Valkenburg   Nederland 160,809
9 Brittany Schussler   Canada 160,953
10 Eriko Ishino   Japan 161,842

Dato: 12.–13. februar

Kjelder

endre