Jan Blokhuijsen (fødd 1. april 1989) er ein nederlandsk tidlegare skeiserennar som vart europameister 2014 og som vann fire VM-gull og eitt OL-gull i lagtempo.

Jan Blokhuijsen


Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 1. april 1989 (35 år)
Langedijk
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i Skeise-VM 2014 i firkamp, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2014 – 5000 meter menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2010 – Lagtempo herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2014 – Lagtempo herrer
Utmerkingar ridder av Ordenen av Orange-Nassau

Blokhuijsen var i 2010 med på å sikre Nederland bronse i lagtempo i Vinter-OL i Vancouver. 2011-sesongen vart han andremann i europameisterskapen i Collalbo og tredjemann i verdsmeisterskapen i Calgary. Vinteren 2012 kom han på andreplass i så vel EM i Budapest som i VM i Moskva, begge gongane bak landsmannen Sven Kramer. På tampen av sesongen vann Blokhuijsen det fyrste av fire VM-gull i lagtempo, dei andre kom i 2013, 2016 og 2017, inn i mellom vann han og Nederland OL-gull i øvinga under Sotsji-OL 2014. I Sotsji sikra han seg også sølv 5000 meter. Tidlegare i OL-sesongen vart han europameister i firkamp på Hamar, etter vinterleikane kom han på andreplass i Skeise-VM i Heerenveen. Blokhuijsen var i 2016 tredjemann ved EM i Minsk og VM i Berlin, i 2017 kom han på andreplassen i EM i Hereenveen, og vart på ny tredjemann ved VM på Hamar. Under dei olympiske vinterleikane 2018 i Pyeongchang deltok han på nederlandske bronselaget i lagtempo.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Jan Blokhuijsen