Ivan Skobrev
Ivan Aleksandrovitsj Skobrev (fødd 8. februar 1983) er ein russisk tidlegare skeiseløpar frå Vologda. Han vart i 2011 både europameister og verdsmeister i firkamp.
Ivan Skobrev | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 8. februar 1983 (41 år) Khabarovsk |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i | Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2014, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2010 – 5000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2010 – 10000 meter herrer |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse |
Skobrev vart femtemann både under EM 2004 og 2006. Under Vinter-OL 2006 i Torino enda han på sjetteplass både på 1500 m og på 10 000 meter. I 2007 og 2008 vart han for tredje og fjerde gong nummer fem i skeise-EM. Vinteren 2009 kleiv han ein plass opp då EM 2009 vart avvikla i Heerenveen.
I EM 2010 på Hamar lukkast Skobrev endeleg å kome på pallen i ein europameisterskap, einast vinnaren Sven Kramer frå Nederland og italienske Enrico Fabris presterte betre gjennom meisterskapen. Under Vinter-OL 2010 i Vancouver vann han sølvmedaljen i milløpet, bronsemedaljen på 5 000 meter og vart nummer fire på 1500 m.
Vinteren 2011 sikra Skobrev seg laurbærkransen både då EM fann stad i italienske Collalbo og under VM i Calgary. I Collalbo sigra han etter eit jamn oppgjer mot Jan Blokhuijsen, og i Calgary hadde han sterkast konkurranse frå norske Håvard Bøkko.
I tida 2007-13 plukka Skobrev ein sølvmedalje og seks bronsar i ulike øvingar ved VM i enkeltløp. Han avslutta idrettskarrieren under Vinter-OL 2014 i Sotsji, der sjuandeplassen på 5 000 meter var hans fremste prestasjon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ivan Skobrev» frå Wikipedia på nederlandsk, den 23. november 2016.