Skeise-VM 2014 i firkamp

Verdsmeisterskapen på skeiser 2014 i firkamp vart avvikla i Heerenveen i Nederland helga 22. og 23. mars. 24 menn og 22 kvinner frå 14 ulike land deltok i meisterskapen.

Ireen Wüst frå Nederland forsvarte VM-tittelen og vart verdsmeister for femte gong. Også landsmannen Koen Verweij vart verdsmeister. Wüst sigra på dei tre kortaste distansane, landskvinna Yvonne Nauta på den lengste. Polske Konrad Niedźwiedzki var bestemann på 500 meter, russaren Denis Juskov på 1500 meter, medan nederlendaren Jan Blokhuijsen stod for bestetider på 5- og 10 000 meter.

Dei norske utøvarane vart nummer 4 Sverre Lunde Pedersen, 6 Håvard Bøkko, 16 Fredrik van der Horst, medan dei norske kvinnene Camilla Farestveit og Ida Njåtun enda på dei to siste plassane, Njåtun braut allereie etter 500 meter.

Skeise-VM 2014 endre

Menn endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Koen Verweij   Nederland 149,365
  Jan Blokhuijsen   Nederland 149,600
  Denis Juskov   Russland 150,030
4 Sverre Lunde Pedersen   Noreg 151,217
5 Bart Swings   Belgia 151,518
6 Håvard Bøkko   Noreg 151,611
7 Renz Rotteveel   Nederland 151,611
8 Konrad Niedźwiedzki   Polen 153,820
9 Jan Szymański   Polen 111,471

Dato: 22.–23. mars

Kvinner endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Ireen Wüst   Nederland 158,615
  Olga Graf   Russland 161,315
  Yvonne Nauta   Nederland 162,488
4 Julija Skokova   Russland 162,946
5 Diane Valkenburg   Nederland 163,275
6 Irene Schouten   Nederland 163,896
7 Katarzyna Wójcicka   Polen 164,248
8 Natalia Czerwonka   Polen 165,234
9 Luiza Złotkowska   Polen 120,779

Dato: 22.–23. mars

Kjelder endre