Skeise-VM 2022 i firkamp
Verdsmeisterskapen på skeiser 2022 i firkamp vart avvikla i Vikingskipet på Hamar laurdag 5. og sundag 6. mars. 20 menn og 14 kvinner frå 18 ulike land deltok i meisterskapen. Det var åttande gongen Vikingskipet var arena for ein verdsmeisterskap i firkamp.
Svenske Nils van der Poel vart verdmeister etter å ha vore suverent best både 5 000 meter og på mila. Denis Morozov frå Kasakhstan var bestemann på 500 meter, medan Bart Swings som representerte Belgia sigra på 1500 meter.
Irene Schouten frå Nederland vart verdsmeister i kvinneklassa, ho vann også 3 000-meterløpet. Japanske Miho Takagi skreid inn til triumf på dei kortaste distansane, medan tsjekkiske Martina Sáblíková atter ein gong fekk bestetid på 5 000-meteren.
Dei fire norske deltakarane vart nummer 4 Peder Kongshaug og Ragne Wiklund, 5 Sander Eitrem, 14 Sofie Karoline Haugen og 18 Kristian Ulekleiv.
Skeise-VM 2022
endreMenn
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Nils van der Poel | Sverige | 148,696 | |
Patrick Roest | Nederland | 149,836 | |
Bart Swings | Belgia | 150,218 | |
4 | Peder Kongshaug | Noreg | 151,098 |
5 | Sander Eitrem | Noreg | 151,328 |
6 | Riku Tsuchiya | Japan | 151,959 |
7 | Davide Ghiotto | Italia | 152,420 |
8 | Ethan Cepuran | USA | 153,199 |
9 | Emery Lehman | USA | 111,224 |
Dato: 5.–6. mars
Kvinner
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Irene Schouten | Nederland | 158,974 | |
Miho Takagi | Japan | 159,305 | |
Antoinette de Jong | Nederland | 159,798 | |
4 | Ragne Wiklund | Noreg | 159,858 |
5 | Martina Sáblíková | Tsjekkia | 161,118 |
6 | Merel Conijn | Nederland | 161,473 |
7 | Nana Takagi | Japan | 162,032 |
8 | Ayano Satō | Japan | 163,222 |
9 | Nadezjda Morozova | Kasakhstan | 119,836 |
Dato: 5.–6. mars
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wereldkampioenschappen schaatsen allround 2022» frå Wikipedia på nederlandsk, den 28. januar 2024.