Nils van der Poel

Nils Göran van der Poel (fødd 25. april 1996) er ein svensk tidlegare skeiserennar frå Trollhättan som i 2022 vart olympisk meister på både 5 000 meter og 10 000 meter. Eitt år tidlegare vann han VM-gull på dei same to distansane. Han la opp etter å ha vorte verdsmeister i firkamp i mars 2022.

Nils van der Poel


Statsborgarskap Sverige
Fødd 25. april 1996 (27 år)
Götalundens församling
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Skeise-VM 2014 i firkamp, Europameisterskapen på skeiser 2014, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 10000 meter menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 5000 meter menn

Utmerkingar

Oscarstatuetten

Karriere endre

Poel fekk sitt gjennombrot då han vann milløpet ved Skeise-VM 2018 framom verdsmeisteren Patrick Roest og sjølv enda på sjetteplassen. Tre år seinare vart han fjerdemann i europameisterskapen, etter å ha vunne milløpet på sterke 12.42,8. Under verdsmeisterskapen 2021 i Heerenveen sigra han på 5 000 m. Tre dagar etter, den 14. februar, sette han verdsrekord med 12.32,9 då han sikra seg gullmedaljen på suverent vis på 10 000-meteren. 3. desember 2021 tok han over som verdsrekordhaldar også på 5 000 m, med di han vart klokka inn på 6.01,5 ved eit verdscupstemne i Salt Lake City. Under Vinter-OL 2022 kneip Poel gullmedaljen på 5 000 m, før han den 11. februar forbetra sin eigen verdsrekord på 10 000 meter til 12.30,7 og tok OL-gull nummer to. Helga 5.–6. mars 2022 avslutta Poel med å gå til topps i verdsmeisterskapenHamar. Han slo andremann Patrick Roest med over 1 tidspoeng og la opp.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nils van der Poel