Sketches by Boz var det fyrste litterære verket til Charles Dickens som blei gjeve ut. Boka kom ut i 1836 og var sett saman av skisser av ulike personar, stader og hendingar som var blitt gjevne ut i tidsskrift frå 1833. Dickens skreiv under signaturen Boz i desse tidsskrifta, og dette gav namn til tekstsamlinga. Sketches by Boz var byrjinga på Dickens sin karriere som forfattar.

Sketches by Boz
Sketches by "Boz," Illustrative of Every-day Life and Every-day People

Forfattar(ar)Charles Dickens
Språkengelsk
Sjangersakprosa
Utgjevenfebruar 1836
ForlagSt James's Square
IllustratørGeorge Cruikshank
Tittelsida til den andre serien (1836) av George Cruikshank.

Populariteten til Dickens sine tekstar blei forsterka av detaljerte illustrasjonar av nøkkelscenar og karakterar i sogene hans. George Cruikshank illustrerte den fyrste utgåva av Sketches by Boz.

Opphav

endre

«Mr Minns and his Cousin» (opphavleg kalla «A Dinner at Poplar Walk») var det fyrste skjønnlitterære verket Dickens nokonsinne gav ut. Det stod på trykk i The Monthly Magazine i desember 1833. Dickens heldt fram med å skriva for bladet, men ingen av desse tekstane var signerte før i august 1834, då «The Boarding House» blei trykt under det merkelege pennenamnet «Boz».

Dickens tok pseudonymet frå eit kallenamn han hadde gjeve den yngre broren sin Augustus, som han kalla «Moses» etter ein figur i The Vicar of Wakefield av Oliver Goldsmith. Dette blei omforma til «Boses» og så forkorta til «Boz». Namnet blei opphavleg uttalt /ˈbz/, men er i dag vanlegvis uttalt /ˈbɒz/.[1]

Tekstskissene blei gjevne ut i ulike blad, som The Morning Chronicle, The Evening Chronicle, The Monthly Magazine, The Carlton Chronicle og Bell's Life in London, mellom 1833 og 1836.

Den fyrste utgåva av Sketches by Boz blei gjeven ut av John Macrone i to seriar. Den fyrste kom ut i to band i februar 1836, berre ein månad før utgjevinga av det fyrste nummeret av The Pickwick Papers (1836–37), og så ein Second Series i august 1836. Etter at Dickens gjorde suksess kjøpte han rettane til materialet frå Macrone.

Kjelder

endre
  1. G. M. Miller, BBC Pronouncing Dictionary of British Names (Oxford UP, 1971), p. 19.

Bakgrunnsstoff

endre