Pickwick-klubben
The Pickwick Papers, omsett til norsk som Pickwick-klubben eller Pickwick-klubbens etterlatte papirer, var det fyrste skjønnlitterære verket til Charles Dickens. Det kom opphavleg ut i 20 månadshefte frå 1836 til –37, og så i eitt band i 1837 med tittelen og undertittelen The Posthumous Papers of the PICKWICK CLUB, containing a faithful record of the Perambulations, Perils, Travels, Adventures and Sporting Transactions of the Corresponding Members. Edited by "Boz". With Illustrations.
The Posthumous Papers of the Pickwick Club, Containing a Faithful Record of the Perambulations, Perils, Travels, Adventures and Sporting Transactions of the Corresponding Members | |||
| |||
Forfattar(ar) | Charles Dickens | ||
---|---|---|---|
Språk | engelsk | ||
Blei til | 1836 | ||
Sjanger | satire, pikaresk roman | ||
Utgjeven | april 1836 | ||
Forlag | Chapman and Hall | ||
Illustratør | Robert Seymour, Robert William Buss, Hablot Knight Browne |
Bakgrunn
endre«Boz» var pseudonymet Dickens nytta som journalist, og ved utgjevinga av boka Sketches by Boz i 1836. Då The Pickwick Papers kom ut samla i bokform i 1837, stod Dickens sitt eige namn på tittelbladet.
The Pickwick Papers var i opphavet eit oppdragsverk over ein idé utvikla av illustratøren Robert Seymour. Han ville laga ein serie bilde av «cockney sporting life», og Dickens blei spurt om å laga tekst til dei. Dickens, som berre var 24 år gammal då prosjektet starta, tok snart styringa, sjølv om han i utgangspunktet vat underlagd både illustratøren og forleggjaren Chapman and Hall.[1] Han utvida handling og persongalleri slik at forteljinga fekk samanheng og eit rikare persongalleri. Seymour døydde, og blei erstatta av nye illustratørar. Den viktigaste erstattaren var Hablot Knight Browne, eller «Phiz», som kom til å bli ein mangeårig samarbeidspartnar for Dickens.name=Oxford/> Serien blei ein stor suksess, og opphav til ein liten industri av «piratkopiar» og «spin-off»-produkt.
Ramma var ein parodi på dei alvorlege selskapa i tida til fremjing av nyttig lærdom. Samuel Pickwick er oppdagingsreisande og naturforskar, med bedriftar som kan verka latterlege for lesarane, men som vekker stor beundring blant hans eigne tilhengarar. Desse er i fyrste rekke den tjukke, middelaldrande sjarmøren Stacy Tupman, og dei yngre klubbmedlemmene, diktaren Mr. Snodgrass og «sportsmannen» Mr. Winkle (som i verkelegheita er ei kløne utan erfaring i nokon sport). Forteljinga følgjer dei fire vennene på ulike reiser rundt om i Sør-England, gjennom rettssaka Mr. Pickwick blir trekt inn i av den tidlegare husvertinna si, og det følgjande opphaldet i gjeldsfengsel.
Dickens utstyrte mellom anna Mr. Pickwick med ein tenar: den rappkjefta, unge cockneyen Sam Weller. Andre gjennomgangsfigurar er svindlaren Alfred Jingle og kumpanen hans, Job Trotter, og den pompøse smågodseigaren Mr. Wardle, med døtrer, ugift søster og gammal mor, i tillegg til ein svært tjukk tenestegut med sterke søvnbehov, i landsbyen Dingley Dell.
Galleri
endre-
Herr Pickwick talar til klubben
-
Pickwick at the slide av Hablot Knight Browne (Phiz)
-
Illustrasjon av Frank Reynolds frå 1910 som syner fru Bardell og herr Pickwick
-
Mr. Pickwick Picnics av Fred Barnard
Kjelder
endre- ↑ Schlicke, Paul (2011). «Pickwick Papers, The». The Oxford Reader's Companion to Dickens (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-866253-2.
- Denne artikkelen bygger på «Pickwick-klubben» frå Wikipedia på bokmål, den 11. desember 2022.