Skihytta i Tromsø

Skihytta i Tromsø er ein bygning på Rismålshaugen som har vore ein viktig samlingsstad og utkikkspunkt for turgåarar.

Skihytta i Tromsø

Skihytta i Tromsø
69°41′21″ N 18°57′10″ E

Ho blei bygd av Tromsø skiklubb hausten og vinteren 1913–1914. Ingeniør Walderhaug var arkitekt og tømmerarbeidet blei utført av Peter Tessem og hans folk. Hytta blei offisielt opna 5. april 1914.

Under kulturminneåret 1997 og den landsomfattande kulturminnestafetten blei skihytta offisielt gjort til eit kulturminne. I dag er hytta restaurert og er igjen blitt ein bynær utfartsstad. Tromsø kommune er eigar av hytta.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra