Skjenebuss er eit omgrep nytta om ymse typar passasjervognar med bensin- eller dieselmotor, og med hjul for å køyrast på ein jarnbane. Omgrepet skjenebuss er ikkje eintydig definert, men har vore nytta både om vogner som var lagde for køyre åleine, og for vogner som vart køyrde samankopla to og to som eit togsett. Ofte vert skjenebuss og motorvogn nytta synonymt. På jarnbanar med liten lokaltrafikk er skjenebussar vanlegvis meir høvelege og lønsame enn vanlege tog.

Skjenebuss frå Hilding Carlsson Mekaniska Verkstad i Umeå i Sverige har vore eit førebilete for mange skjenebussar som vart bygd ved andre verkstader for å nyttast på jarnbanar fleire stader i Norden. Bussen på fotografiet står på Sveriges järnvägsmuseum i Gävle.
Ein italiensk skjenebuss med førarplass berre i den eine enden, fotografert på banen Ferrovie Calabro Lucane (FCL) i 1984. Bussen vart snudd på endestasjonane.
Ein tysk skjenebuss med to samankopla vogner og førarplass i båe endane.

Somme av dei tidlege typane av skjenebussar likna mest ein vanleg landevegsbuss med førarplass berre i den eine enden, og måtte difor vendast på ei vendeskive på endestasjonane. Men dei fleste skjenebussane vart bygd med førarplass i kvar ende, slik at dette ikkje var naudsynt.

Eit par skjenebussar av eldre type som gjekk på den om lag åtte kilometer lange Solbergfossbanen i Østfold er teke vare på av Norsk Jernbaneklubb.

Bakgrunnsstoff endre