Skjernøy
Skjernøy er ei øy i Lindesnes kommune. Øya er bunde saman med fastlandet ved ei smal bru, Skjernøysundbrua, som vart bygd i 1964. Øya har kring 300 innbyggjarar og er den største øya i kommunen (6 kvadratkilometer). Folkesetnaden fordeler seg på fleire grender: Skjernøysund, Valvik, Farestad og Rossnes. For å koma frå Farestad til Rossnes må ein over ei hengebru som er 110 meter lang og 80 cm brei. På Farestad ligg Skjernøy kapell og den gamle Skjernøy skole, som er gjort om til grendahus.
Skjernøy | |
---|---|
Skjernøy kapell Foto: Helge Haugland
| |
Geografi | |
Stad | Sørlandet |
Koordinatar | 57°59′34″N 07°31′08″E / 57.99278°N 7.51889°E
|
Areal | 5,6 km²
|
Høgaste punkt | 95 moh. |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Agder
|
På ein holme utanfor Skjernøy ligg Ryvingen fyr. Området på og rundt Skjernøy er kjend for rikt fugleliv. I 2003 vart det òg rapportert at ein ulv hadde vitja øya.
Bakgrunnsstoff
endre- Norges sørligste punkt Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. på http://www.nettavisen.no
- Norgesglasset besøker Skjernøy
- Mandalsbilder fra Skjernøy Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.
- BirdLife IBA Factsheet
- Ulv på Sørlandsøy Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.