Ranavik-Skjersholmane

fergesamband i Vestland
(Omdirigert frå Skjersholmane-Ranavik-Sunde)

Ranavik-Skjersholmane er eit ferjesambandriksveg 544 mellom Kvinnherad kommune og Stord. Strekninga er betjent av Norled med opp til 22 daglege avgangar i kvar retning. Overfarten frå Ranavik til Skjersholmane tar om lag 40 minuttar. Ein tur i døgeret går til JektevikStord og HodnanesTysnes istaden for til Skjærsholmane.

MF «Strand»
Foto: Jarvin

Sambandet starta i 2003 og tok over for det tidlegare sambandet Leirvik-Ranavik-Sunde, då ferjekaien på Leirvik vart nedlagt.

Fram til opninga av Halsnøytunnelen i mai 2008 var også Sunde ein del av strekninga. Overfarten mellom Sunde og Ranavik tok 15 minuttar.