Skjetten Sportsklubb er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Skjetten i Lillestrøm kommune. Klubben vart danna 16. februar 1987 då Skjetten Idrettslag og Valstad Idrettsforening slo seg saman.

Skjetten SK er aktivt med i lagidrettane basketball, fotball, handball og volleyball. Klubben er òg ein av dei større symjeklubbaene i Noreg.

Skjetten spelar i grøne trøyer og elles svarte drakter.

Fotballaget til Skjetten for menn har delteke på nivå 2 i seriesystemet.

Skjetten SK sin fremste utøvar er Henrik Christiansen, symjaren som vann medaljar i internasjonale meisterskap. Fotballspelarane Andre Bergdølmo og Ingrid Hjelmseth var begge Skjetten-spelarar i sine yngre år.

Kjelder endre