Lillestrøm kommune
- For den tidlegare kommunen, sjå Lillestrøm kommune (1908-1962).
Lillestrøm kommune er ein kommune på Nedre Romerike i Akershus fylke som vart danna gjennom samanslåing av Skedsmo, Fet og Sørum kommunar i Akershus fylke.[1] Ved skipinga hadde kommunen rundt 87 500 innbyggjarar.[2] Lillestrøm var den 4. største kommunen i Viken fylke, 2020-2023 [3] og den 9. største i Noreg.[2]
Lillestrøm kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Adm.senter | Lillestrøm | ||
Areal | 456,61 km² | ||
• land | 422,71 km² | ||
• vatn | 33,90 km² | ||
Folketal | 94 201 (1. januar 2024) | ||
Målform | Bokmål | ||
Ordførar | Kjartan Berland (H) | ||
Kommunenr. | 3205 | ||
Lillestrøm kommune 59°57′N 11°12′E / 59.95°N 11.2°E | |||
Kart som viser Lillestrøm kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Lillestrøm (municipality) | |||
Nettstad: http://www.lillestrom.kommune.no |
Kommunevåpenet viser ein stokkebåt etter «Sørumsbåten», ein rundt 2200 år gammal slik båt som vart funnen i Sørum.[4]
Historikk
endreLillestrøm og Strømmen har vore betydelige industrisenter. På Strømmens Værksted, skipa i 1879, blei det bygd jernbanevognar, bilar, bussar og Strømmen-propellen til skip. Dessutan fanst Strømmen Trævarefabrik, Sportsartikkelfabrikken Tarzan, Kjeller Flyfabrikk, Dynea og Tandbergs Radiofabrikk.[5]
Lillestrøm var også namnet på ein tidlegare kommune i Akershus fylke som omfatta tettstaden Lillestrøm. Han hadde nummeret 232. Kommunen vart oppretta i 1908 ved at han vart skilt ut frå gamle Skedsmo kommune saman med Lørenskog kommune. 1. januar 1962 vart Lillestrøm kommune slått saman med Skedsmo kommune att. Administrasjonssenteret i Skedsmo kommune var Lillestrøm.
1. januar 2020 vart Skedsmo, Fet og Sørum kommunar slegne saman til nye Lillestrøm kommune. Samstundes vart Akershus fylke slege saman med Østfold og Buskerud til Viken fylke, som kommunen var ein del av i perioden 2020-2023.[6]
Næringsliv
endreViktige bransjer er grafisk industri, verkstadindustri og kjemisk industri, og størstedelen av industrien ligg i området Strømmen-Lillestrøm-Kjeller.[5]
Folk frå Lillestrøm
endre- Henrik Sørensen (1882-1962), kunstmålar
- Bjørn Christophersen (1900-1985), generalløytnant, sjef for Hæren 1956-1961
- Ivar T. Henriksen (f. 1938), vassverkssjef
- Arild Andersen (f. 1945), musikar, jazzbassist
- Tom Lund (f. 1950), fotballspelar
Kjelder
endre- ↑ Lovdata.no. (20.12.2017). Forskrift om sammenslåing av Fet kommune, Skedsmo kommune og Sørum kommune til Lillestrøm kommune, Akershus
- ↑ 2,0 2,1 «Fakta om Lillestrøm», Lillestrøm kommune (på norsk), henta 2. januar 2020
- ↑ «Viken fakta og tall». www.viken2020.no (på norsk). Henta 31. desember 2019.
- ↑ «Stokkebåten er vårt kommunevåpen», Lillestrøm kommune (på norsk), arkivert frå originalen 2. januar 2020, henta 2. januar 2020
- ↑ 5,0 5,1 Askheim, Svein. Lillestrøm. Store norske leksikon. Vitja 24. juli 2020
- ↑ Sandvik, Siv (22. februar 2017), «Slik endres norgeskartet», NRK (på norsk bokmål), henta 2. januar 2020