Skjoldberar (Scutellaria galericulata) er ei urt i leppeblomfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 25 cm høg, og har ein grann stengel som ofte er raudfarga. Ho har mørkfarga beger med skjoldforma bulk på overlepen og blå krone, finhåra, fire gonger så lang som begeret. Skjoldberar blomstrar kring juli månad på våte stader, ved bekker og på strender.

Skjoldberar
Skjoldberar
Skjoldberar
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Underfamilie: Scutellarioideae
Slekt: Skjoldberarslekta Scutellaria
Art: Skjoldberar S. galericulata
Vitskapleg namn
Scutellaria galericulata

Planta finst gjennom heile Noreg, men er sjeldan i Finnmark.

Kjelder

endre
  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid, Norsk-svensk-finsk flora, Det Norske Samlaget, 1985.