Skogkarse
Skogkarse (Cardamine flexuosa) er ei plante i krossblomfamilien. Utbreiingsområdet til arten ligg innanfor Europa.
Skogkarse | |
Skogkarse | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Krossblomordenen Brassicales |
Familie: | Krossblomfamilien Brassicaceae |
Stamme: | Cardamineae |
Slekt: | Engkarseslekta Cardamine |
Art: | Skogkarse C. flexuosa |
Vitskapleg namn | |
Cardamine flexuosa |
Skogkarse vert kring 20 cm høg og har ein fåblada rosett som visnar tidleg. Planta har store stengelblad og hår langt opp. Han har sprikjande skulper på utståande skaft som knapt når over toppblomstrane. Blomstrane har seks mjølberarar og 1 mm lang griffel.
Planten blomstrar kring juni månad på våte eller fuktige stader i skog og kratt. Han veks i Noreg nord til Troms, og er funnen opp til 900 m i Hallingdal.
Kjelder
endre- Dansk Wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.