Opna hovudmenyen
Fakta om Skorpa
Kommune: Kristiansund
Fylke: Møre og Romsdal
Gardsnummer: -
Postnummer: -

Skorpa er ei øy i Kristiansund i Møre og Romsdal. Øya er 0,7 km² stor, men berre 0,06 km² er bebygd område.

Næring, landskap og miljøEndra

Skorpa har nokre små fjell og åsar, elles er mykje av landskapet myraktig med nokre skogholt. Tre område har frå gammalt vore dyrka. Skorpa har eit vakkert naturlandskap og eit rikt dyreliv. I ei vik på øya er det eit naturleg basseng som vert oppdemt ved flo sjø. Bassenget, som kallast Valan, er ein populær badeplass om sommaren, sidan det oppdemte vatnet kan få ein god temperatur.

Det siste gardsbruket på Skorpa vart lagt ned på slutten av 1980-talet. Tidlegare har det òg vore ein minkfarm på øya. På Visnensbrygga var det før brannen i 1997 ei klippfiskbrygge, no er denne ombygd til privat bustad. Det er bru for lette køyretøy frå Skorpa til Kristiansund.

Sjå òg:Endra