Skrik

verk av Edvard Munch
(Omdirigert frå Skriket)
Denne artikkelen handlar om måleriet av Edvard Munch. For andre tydingar, sjå skrik (fleirtyding).

«Skrik» (feittstift på papp, 1893) er eit av Edvard Munch sine mest berømte måleri, og ein av Noreg sine viktigaste kunstskattar. Måleriet finst i fire originalversjonar. Av desse høyrer til to Munchmuseet, eitt Nasjonalgalleriet, og det siste er i privat eige (Petter Olsen).

«Skrik» måla i 1910, tilhøyrer Munch-museet

Måleriet er eit kjent ikon, òg internasjonalt, og kan ofte finnast att i vitseteikningar, reklame og populærkultur.

Munch måla biletet etter ei angstfylt naturoppleving da han gjekk frå Ekeberg i Oslo, og han skriv i dagboka si datert Nice 22. januar 1892:

«Jeg gik bortover veien med to venner – solen gik ned – Jeg følte som et pust av vemod – Himmelen ble plutselig blodig rød – Jeg stanset, lænede meg til gjerdet mat til døden – så ut over de flammende skyerne som blod og sværd over den blåsvarte fjord og by – Mine venner gik videre – jeg sto der skjælvende av angst – og følte et stort uendelig skrik gjennom naturen».

Forskarar har påstått himmelen var så raud på grunn av eit vulkanutbrot i Indonesia i same periode. Utbrotet førte til eit sterkt raudt lys på himmelen i Europa frå november 1883 til februar 1884.[1] Det var ikkje uvanleg at Munch måla bilete ut frå hendingar som låg eit stykkje tilbake i tid.

Tjuveri av «Skrik» endre

Bakgrunnsstoff endre