Skrovkjosen

fjord i Narvik i Nordland

Koordinatar: 68°14′43″N 16°15′05″E

Skrovkjosen (samisk Rábekjukso) er ein fjordarm av Tysfjorden i Narvik kommune i Nordland. Han strekkjer seg om lag 7,5 km austover til Eidet og Ulvika.

Skrovkjosen
Foto: TorbjørnS

Fjorden har innløp mellom Bekkenesholmen i nord og Skardbergneset i sør. Grenda Skardberget ligg på sørsida like innanfor innløpet. Frå Skardberget går det ferje ut fjorden og over Tysfjorden til Bognes i vest. Dette ferjesambandet er ein del av E6, som går langs den sørlege delen av Skrovkjosen.