68°11′06″N 16°10′42″E / 68.18500°N 16.17833°E / 68.18500; 16.17833

Stetind sett frå Tysfjorden

Tysfjorden (samisk Divtasvuodna) er ein fjord i kommunane Hamarøy og Narvik i Nordland. Fjorden strekkjer seg 58 km sørover til Hellemobotn i botn av Hellemofjorden. Frå Hellemobotn er det berre litt over 6 km til riksgrensa og her er Noreg på sitt smalaste.

Fjorden har innløp mellom Korsnes i sørvest og Brenneset i nordaust. Innløpet ligg like sør for Barøya som markerer den indre grensa til Vestfjorden og innløpet til Ofotfjorden som går austover. Like innanfor innløpet til Tysfjorden ligg Bognes på vestsida. Frå her går det ferje over til Skarberget. Dette ferjesamband er ein del av E6. Frå Bognes går det òg ferje ut fjorden og over den indre delen av Vestfjorden til Lødingen. Her går òg fjordarmen Skrovkjosen austover.

Sør for Bognes vert fjorden om lag 3 km smal, men opnar seg raskt opp att. Her ligg Haukøyfjorden på i den austlege delen av fjorden. Haukøyfjorden er kalla opp etter Haukøyholmen som ligg på austsida. Frå Haukøyfjorden går det fleire fjordarmar både sørover, austover og nordover. Stefjorden går austover og han har igjen Sildpollen som fjordarm nordover. Sør for Stefjorden ligg Tømmeråsfjorden og sør for denne igjen går Fuglfjorden sørover. Vest for Fuglfjorden ligg Kjelkvika. Vest for Haukøyfjorden går den mindre Beisfjorden eit lite stykke vestover.

Vest for Kjelkvika går Tysfjorden vidare sørover til Hulløya og her deler han seg igjen i fleire fjordarmar. På nordsida av Hulløya ligg Kjøsviksundet og på austsida av øya går Indre Tysfjorden austover. Kjøpsvik ligg ved innløpet til denne fjordarmen. Indre Tysfjorden går først nordaustover og så søraustover til Sørfjorden. Søraust for Hulløya går Mannfjorden søraustover og vest for denne igjen ligg Grunnfjorden. Vest for Grunnfjorden og sørvest for Hulløya går Hellemofjorden vidare sørover. Han er den lengste av alle fjordarmane til Tysfjorden.

Like nord for innløpet til Hellemofjorden, på vestsida av Tysfjorden, ligg bygda Drag, og frå her går det ferje over fjorden til Kjøpsvik.

I tillegg til E6 går vegane Fv681, Fv682, Fv684 og Riksveg 827 langs fjorden.