Koordinatar: 56°27′38.819″N 12°55′8.0112″E Skummeslövsstrand er ein tettstad i Laholms kommun i Hallands län i Halland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 454 innbyggjarar. Det ligg langs vestkysten, på grensa til Skåne. Det er eit turiststed, kjend for vakre, lange strender.

Skummeslövsstrand har vekse fram som ein badestad ved Laholmsbukta mellom Mellbystrand og Hemmeslövsstrand på sørspissen av Halland. Skummeslövsstrand ligg i den sørlege delen av den lengste sandstranda i Sverige, som er 12 km lang.

Staden voks opp på 1920-talet, då handelsmannen Carl Wingren med kompanjongar kjøpte strandnære område av lokale bønder, og stykka dette ut til tomter for sommarhytter og barnekoloniar. Dei siste åra har mengda fastbuande auka kraftig. I dag er kring 25 prosent av husa busett året rundt.

Spora og fritidEndra

I Skummeslövsstrand er det eit varmebadanlegg, ein tennisstadion med ni grusbaner (blant dei største utandørsanlegga for tennis i Sverige), ein 12-hols golfbane (pay&play) og eit par campingplassea.

KuriosumEndra

  • Skummeslövsstrand er, med sine 17 bokstavar, den poststaden i Sverige som har flest bokstavar.
  • Mats Wilander spelte den første offisielle tenniskampen sin i Skummeslövsstrand.

KjelderEndra