Skurdalen er ein dal i Hol kommune i Hallingdal. Dalen er rekna til Hallingdal, sjølv om vassdraget i dalen høyrer til Numedalslågen.

Skurdalen kyrkje

Skurdalen er eigen skolekrins og kyrkjesokn. Dalen fekk kyrkje måteleg seint, etter andre verdskrigen, fråskilt garden Flatåker om lag midt i dalen.

Skurdalen er skogvaksen, og vart bygd seint. Dalen var opphavleg ått av bøndene i Kvisla på andre sida av fjellet, og av bønder i Ustedalen. Dalen vart nytta til seterbeite fram til rydningstida. Dei fleste bruka her vart rydda etter 1700, med garden Skurdalen som den eldste. Denne garden ligg øvst i dalen. Elles er dei fleste gardane i dalen plassar, med namn etter han som rydda bruket: Herleiksplass, Eivindsplass, Gauteplass, Bryplass. Eivindsplass har lenge vore ått av presten Karsten Isachsen, som har dreve hestehald der.

Før 1944 gjekk delet mellom Hol kommune og Nore og Uvdal nedst i Skurdalen, ikkje langt frå osen til Skurdalsvatnet. For folk i dalen var det vanleg å ha vel så mykje å gjera med folk i Nore, Tunhovd og Dagali som med dei i Ustedalen.