Karsten Isachsen
Karsten Einar Isachsen (22. februar 1944–18. januar 2016) var ein norsk prest, teolog og forfattar. Som prest var han kjend som ein fornyar av norsk preikekunst; etter at han slutta i fast presteteneste markerte han seg som føredragshaldar og forfattar av kristen litteratur.
Karsten Isachsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. februar 1944 Oslo |
Død |
18. januar 2016 (71 år) |
Yrke | prest, skribent |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Karsten Isachsen vaks opp i Oslo med foreldra Margit Lolloe f. Gjertsen (1907-1988) og Knut Isachsen (1906-1993). Han tok artium ved Kristelig Gymnasium i 1962, og studerte til cand.theol. ved Menighetsfakultetet. Han tok praktikum ved Universitetet i Oslo i 1970. Mens hans studerte, arbeidde han i Barne- og Ungdomsavdelinga i NRK og som lærar i Oslo-skulen. Han vart ordinert til prest i Den norske kyrkja i 1970 og arbeidde som prest i Oslo til han i 1975 vart prest i Hol i Hallingdal.[1]
Sidan 1985 arbeidde Isachsen som forfattar og føredragshaldar. I 1975 kjøpte han fjellgarden Eivindplass, og budde der resten av livet. Fjellgarden bygde han ut til arrangements- og konferansesenter.[2]
Bibliografi
endre(Utdrag)[3]
- Gjester som ikke vil gå (1978)
- Fjellet som flyttet seg (1979)
- Som når et barn kommer hjem (1981)
- Vis meg ditt ansikt (1982)
- Det handler om å leve (1986)
- Ut av ensomheten (1986)
- Før vi går fra hverandre (1987)
- Sint, sant, sunt (1991)
- En slitesterk livsstil (1994)
- Et stort indre landskap (1996)
- Ro med gyldne årer (1996)
- Lyspunkter (2003)
- I Gledens Gud (2008)
- Livsglede (2009)