Skydekke er eit uttrykk for kor mykje av himmelen som er dekt av skyer. Vanlegvis blir skydekket uttrykk i talet på åttandelar som dekker himmelen.

Observasjonar endre

Vanlegvis er det ein vêrobservatør som observerer skydekket i samband med observasjonar av andre parameterar som temperatur, nedbør, lufttrykk, osb. Skydekket er vanlegvis eit visuelt estimat, og det krev litt erfaring for å observere skydekket rett. Likevel vil det berre vere omtrentlege verdiar som blir observert. Hovudproblemet er at om sikta er dårleg, som i tåke, vil det vere svært vanskeleg å få rett skydekke. Då blir vanlegvis den synoptiske koden som tyder «Skyene ikkje synleg» (9) brukt i staden (sjå dei synoptiske kodane nedanfor).

Satellittar kan derimot måle talet på åttandedelar meir nøyaktig, men det er enkelte problem med denne metoden òg. Visst skyene er veldig tynne eller har lita horisontal utstrekking, kan dei vere bortimot usynlege for satellittar. Om natta brukar satellittar ofte den infraraude strålinga frå skyene til å avgjere skydekket. Dei målar altså temperaturen i skytoppen, og på den måten kan dei danne eit satellittbilete av skydekket. Viss skyene er svært låge kan dei derimot ha ein temperatur som er nesten lik overflata, og då kan dei vere vanskeleg å sjå på eit satellittbilete.

Rolle i klimasystemet endre

Skyer er svært viktig for klimasystemet, særleg fordi dei kan reflektere store mengder sollys ut igjen i verdsrommet og på den måten kjøle ned jordoverflata. Dette kan balansere den auka mengda av drivhusgassar i atmosfæren, og føre til at oppvarminga av Jorda ikkje blir like stor som forventa. Samtidig kan skyene hindre varmestråling frå jordoverflata i å forlate atmosfæren ved å sende tilbake varmestrålinga mot overflata, og på den måten føre til at jordoverflata ikkje blir like mykje avkjølt som i skyfritt vêr. Særleg gjeld dette på natta då varmetapet er størst.

Synoptisk endre

Symbol Kode Norsk forklaring Vêrvarslingssymbol
 
0/8 Skyfritt/Klårt
 
 
1/8 Nesten skyfritt/Klårt
 
 
2/8 Lettskya
 
 
3/8 Lettskya
 
 
4/8 Halvskya
 
 
5/8 Halvskya
 
 
6/8 For det meste skya
 
 
7/8 Nesten overskya
 
 
8/8 Overskya
 
 
9/8 Skyene ikkje synleg