Skytebas
Skytebas er ein arbeidar med fagutdanning i sprengingsteknikk og som i arbeidet handterer og bruker eksplosiv.
For å kunne bli skytebas må ein ha godkjent sprengingssertifikat. For å få sertifikat klasse A må ein ha eit av følgjande fagbrev:
- Tunnel- og fjellarbeidsfaget
- Veg- anleggsfaget
- Banemontørfaget
- Asfaltfaget
- Vegarbeidsfaget
- Steinfaget
- Bergfaget
- Anleggsmaskinførarfaget
Alle desse fagbreva kan ein oppnå etter fire år på vidaregåande skule.
Kjelde
endre- Utdanning.no sin yrkesbeskrivelse av skytebas Arkivert 2011-02-12 ved Wayback Machine.