Eit skyveflak, dekkeflak eller berre flak, eller nappe, er ein mindre del av eit større skyvedekke i ei fjellkjede. Skyveflaka er delar av bergrunnen som er flytta oppover og utover langs underordna rørslesoner (skyveforkastingar) innanfor det større dekket.

Skjematisk oversikt over eit erodert skyvesystem. Det grå området er skyveflaket. Erosjonsholet vert kalla eit vindauge. Klippe er den isolerte blokka av nappen som ligg over stadeige material.

Dei vert ofte kartlagde regionalt og får ofte formelle namn etter ein karakteristisk geografisk lokalitet. På same måte som med skyvedekke kan flaka verte erodert ned slik at berre restane av dei stikk opp som isolerte klipper. Erosjonen kan òg grave ut «hol» i dekkeflaket, slik at underliggande berggrunn, som til dømes djupareliggande flak eller berggrunnen som opphavleg var der, kjem fram som eit tektonisk vindauge.

Kjelder endre

«skyveflak» i Store norske leksikon, snl.no.