Vindauge i geologi
Eit vindauge i geologi er eit avgrensa område der erosjonen har blottlagt djupareliggande bergarter under yngre eller overskyvde einingar. Eit grunnfjellsvindauge er til dømes eit område der grunnfjellet er blottlagt og omgjeve av yngre avleiringar eller overskyvde lag.
I Noreg finst eit godt døme ved Atnasjøvindauget. Det er eit grunnfjellsområde på ca 20 × 30 km omgjeve av overskyvde sparagmittiske bergarter på alle sider. Ei rekkje liknande, små og store slike tektoniske grunnfjellsvindauge ligg under dei kaledonske skyvedekka langs to nesten parallelle soner gjennom fjellkjeda mellom Vestlandet og Finnmark.
Kjelder
endre- Vindauge: geologi. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/vindauge%2Fgeologi.