Slaget ved Liège

Slaget ved Liège var ein serie kampar om den belgiske byen Liège og befestningane rundt han som fann stad frå 5. til 16. august 1914, under den første verdskrigen. Slaget var den første blodige striden etter at Tyskland invaderte Belgia, og ende med at tyskarane tok byen. Invasjonen krenka Belgia sin nøytralitet, og førte til at Storbritannia gjekk inn i verdskrigen.

Øydelagd bru i Liège.

Bakgrunn endre

 
Liège og festningane rundt byen.

Tyske troppar, som bestod av 6 ikkje-mobiliserte brigadar under befal av Otto von Emmich, hadde 4. august 1914 gått over den belgiske grensa og raskt rykka fram mot Liège. Etter den såkalla Schlieffenplanen som var blitt utvikla i løpet av dei siste to tiåra, skulle dei tyske styrkane omgå den franske hæren i aust ved å marsjera gjennom Belgia. Liège ligg ved punktet der elva Ourthe renn inn i Maas (Meuse), med Ardennane i sør og med Flandern i nord og vest. Her låg også på hovudjernbanelinjene frå Tyskland til Brussel og Paris, som etter planen skulle brukast til å invadera Frankrike.

 
Diagram over forsvarskanonane ved Liège. Frå Popular Mechanics, oktober 1914.

Tyskland erklærte krig mot Belgia om morgonen 3. august, og dei fremste elementa av den invaderande Meusearméen kryssa grensa kl. 08:00 den 4. august. Kavaleriet rykka frem til Maas for å ta bruene, men fann at dei var blitt øydelagd. Seint på ettermiddagen den 4. august hadde tyske kavaleristyrkar likevel kryssa Meuse nordpå ved Visé. Dei møtte belgiske troppar frå 12. brigade som kjempa imot og heldt troppane i sjakk gjennom natta.

Forsvar endre

Liège var forsvart av 12 festningar plassert rundt byen. Dei var blitt utforma av den leiande ingeniøren Henri Alexis Brialmont sist på 1800-talet. Festningane var laga av betong og hovudsakleg bygde ned i bakken. Dei var konstruerte for å motstå dei rifla 210 mm kanonane ein kunne venta seg då dei stod ferdige i 1892. I ettertida var det blitt utvikla kraftigare våpen, samstundes som festningane ikkje var blitt godt vedlikehaldne. Etter Brialmont sine planar skulle det også lagast mindre befestningar og skyttargraver for å forbinda og verna hovudforta, men dette var ikkje blitt gjort.

Festningane var utstyrte med 78 artillerieiingar som omfatta 210 mm haubits, 150 og 120 mm kanonar og 57 mm hurtigskyteade kanonar til nærforsvar. Hovudkanonane var installert i ståltårn som kunne dreiast 360°. Berre 57 mm kanonane kunne hevast og senkast.

Sidan det var 3-4 km mellom kvar festning betydde dette at angriparane kunne gå mellom dei og nå sjølve byen. Garnisonane var heller ikkje på full styrke, og mange troppar bestod av lokale vakteiningar med lita trening og erfaring. Til saman var det rundt 36 000 soldatar her under befal av Gérard Leman.

Deltakarar endre

Belgiske styrkar endre

 
Gérard Leman.

Kommandør: Generalløytnant Gérard Leman.

Brigadar og einingar:

  • 9. blanda brigade med 9. og 29. infanteriregiment og 43., 44. og 45. artilleribatteri
  • 11. blanda brigade med 11. og 31. infanteriregiment og 37., 38. og 39. artilleribatteri
  • 12. blanda brigade med 12. og 32. infanteriregiment og 40., 41. og 42. artilleribatteri
  • 14. blanda brigade med 14. og 34. infanteriregiment og 46., 47. og 48. artilleribatteri
  • 15. blanda brigade (5. august), med 1. og 4. jegerregiment og 61., 62. og 63. artilleribatteri
  • Festningsvaktene, med 9., 11., 12., og 14. reserve infanteriregiment, eit artilleriregiment, fire reservebatteri og ulike andre troppar
  • 3. artilleriregiment med 40., 49. og 51. artilleribatteri
  • 3. ingeniørbataljon
  • 3. telegrafistseksjon
  • 2. lanserregiment

I alt var det rundt 36 000 soldatar og 252 kanonar til å motstå den tyske invasjonen.

Tyske styrkar endre

 
Otto von Emmich

Den tyske åtaksstyrken blei kalla Meusearméen. Ho bestod av:

Kommandør: General Otto von Emmich

  • 11. infanteribrigade frå 3. korps under kommando av generalmajor von Watcher.
  • 14. infanteribrigade frå 4. korps under kommando av generalmajor von Wussow.
  • 27. infanteribrigade frå 7. korps under kommando av oberst von Massow.
  • 34. infanteribrigade frå 9. korps under kommando av generalmajor von Krawell.
  • 38. infanteribrigade frå 10. korps under kommando av oberst von Oertzen.
  • 43. infanteribrigade frå 11. korps under kommando av generalmajor von Hulsen.
  • 2. kavalerikorps under kommando av generalløytnant von der Marwitz, beståande av:
    • 2. kavaleridivisjon under kommando av generalmajor von Krane
    • 4. kavaleridivisjon under kommando av generalløjtnant von Garnier
    • 9. kavaleridivisjon under kommando av generalmajor von Bulow.

I alt bestod styrken av omkring 59 800 soldatar og 100 kanonar.

Slaget om Liège endre

 
Ein «Dicke Bertha»-haubits i aksjon.

Den belgiske 3. divisjonen vakta byen bak raskt konstruerte jordskansar, og same dag avviste dei åtak frå tysk infanteri som passerte mellom festningane. Eit angrep mot festningen Barchon blei stoppa med store tap som følgje av eld med maskingevær og artilleri. Etter dette mislukka åtaket gjennomførte tyskarane det første luftåtaket i historie ved å ta i bruk ein zeppelinar (eit luftskip) til å kasta bomber mot Liège. I mellomtida rykka tysk kavaleri sørover frå Visé for å omringa byen. Sidan det såg ut som om byen snart ville bli omringa, beordra Leman no 3. divisjon til å trekka seg tilbake frå byen og slutta seg til den belgiske hæren som hadde blitt mobilisert mot vest.

6. august tok general Ludendorff kontrollen over 14. brigade etter at kommandøren der var blitt drepen. Ved hjelp av eldstøtte frå ein felthaubits kjempa brigaden seg gjennom landsbyen Queue-de-Bois til ei høgd som gav godt utsyn mot Liège. Ludendorff sende fram en gruppe under parlamentærflagg for å krevja av Leman overgav seg, noko kommandøren avviste. Ein åtaksstyrke som følgde etter blei skoten ned like utanfor hovudkvarteret til Leman. Dette utfallet fekk Leman til å forlata byen og søke tilfluka i festningen Loncin på den vestlege sida av festningsringen.

Den ytre ringen av festningar heldt ut, og blokkerte den tyske framrykkinga ved å sperra jernbanen. Festningane blei utsett for samanhengjande bombardement og åtak frå tyske styrkar, men dei fleste fortsette med å slå tilbake åtaka. Berre Fleron blei sett ut av spel då heisemekanismen på kanonkuplane blei øydelagd av granateld. Den einaste festningen som blei teken ved eit infanteriåtak var Barchon, og dette skjedde først 10. august.[1]

Ved å setja inn tyngre beleiringsartilleri som Dicke Bertha frå Krupp, ein 420 mm haubitsar, klarte tyskarane å skyta granatar inn i festningane som eksploderte ved hjelp av forsinka eksplosjon. Ein etter ein blei festningane tvinga til kapitulasjon, og den siste, Boncelles, overgav seg 16. august. Leman blei skadd ved festningen den 15. august, frakta bevisstlaus ut av fortet og teken som ein av mange tyske krigsfangar.

Resultat endre

 
Tyske soldatar utanfor Palais des Princes-Évêques i Liège.

Den ti dagar lange kampen om Liège skal ha forseinka den tyske framrykkinga to dagar i høve til planen, sjølv om leiande tyske offiserar avviste at forseinkinga hadde mykje å seia. I alle høve styrkte den belgiske innsatsen moralen blant allierte styrkar. Den franske presidenten tildelte byen krossen til æreslegionen (légion d'honneur) for motstanden.

Den 2. og 3. tyske hæren var meint å byrja gå gjennom Belgia den 10. august, men kunne først starta den 13. og kunne ikkje passera gjennom Liège før den 17. Motstanden frå dei seks store og dei seks små festningane rundt Liège hadde berre gjeve nokre dagars pusterom til franskmenn og britar, men dette ville visa seg å vera avgjerande. Det var nok til å såvidt gje dei franske og britiske styrkane tid til å ta oppstilling ved Marne-elva og forsvara Paris. Sjølv om logistikken til tyskarane også blei forseinka, var slaget ved Marne så mykje på vippen at eit tysk åtak nokre dagar tidlegare kanskje kunne ha betydd at dei ville ha teke den franske hovudstaden og gått sigrande ut av første verdskrigen.

Den psykologiske effekten av den belgiske motstanden på resten av Europa var av like stor tyding. Den tyske hæren hadde hatt rykte på seg for å vera uovervineleg heilt sidan den knusande sigeren over Frankrike i 1870, men verka no meir menneskeleg. Den belgiske hæren heldt fram med å yta motstand medan han trekte seg tilbake mot Antwerpen, og dette styrkte både franske og britiske borgarar og regjeringar i avgjerda om å slost imot.

Kjelder endre

  1. Keegan, s. 84-85.
  • Gunnar Carlquist: Svensk uppslagsbok. Bd 17, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 154. 
  • Denne artikkelen bygger på «Slaget ved Liège» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juli 2014.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
      • Griess, Thomas E., The Great War, Avery Publishing, 1986.
      • Marshall, S.L.A., World War I, American Heritage, 1964.
      • Reynolds, F. J., The Story of the Great War, Vol. III, P.F. Collier & Son, New York, 1916.
      • Keegan, John, The First World War, Vintage Books, 2000.

Bakgrunnsstoff endre