Slaget ved Salla vart utkjempa mellom finske og sovjetiske troppar nær Salla i Nord-Finland under Vinterkrigen. Dei sovjetiske troppane hadde ordre om å forsere Salla til Kemijärvi og Sodankylä, og derifrå til Rovaniemi på to veker. Deretter skulle dei gå mot Torneå og kløyve Finland i to. Dei finske styrkane greidde å stoppa den sovjetiske framrykkninga aust for Kemijärvi. Under dei siste februardagane 1940 vart dei finske styrkane erstatta av svenska og norske frivillige.

Slaget ved Salla
Del av Vinterkrigen

Finskt motåtak og sovjetisk tilbaketog
Dato 30. november 1939 til 28. februar 1940
Stad Salla i Finland
Resultat Finsk siger
Partar
Finland Sovjetunionen Sovjetunionen
Kommandantar
Generalmajor Kurt Martti Wallenius Ukjend
Styrkar
Fleire bataljonar To divisjonar
Tap
Ukjend Ukjend

Slagordning endre

Finland endre

Då krigen braut ut, var det berre eit fåtal finske troppar i området. Den 17. bataljonen (Er.P 17) eller "Salla Battalion" vart mobilisert, i hovudsak samansett av eit grensevaktkompani. Dei finska troppane var del av Lapin Ryhmä som vart leia av generalmajor Kurt Martti Wallenius.

Sovjetunionen endre

Sovjetunionen gjekk til åtak med to divisjonar, den 122. og den 88. divisjonen.

Kjelder endre