Slaget ved Wandiwash

Slaget ved Wandiwash var eit avgjerande slag i India under sjuårskrigen. Armeen til Count de Lally, som verken hadde støtte frå marinen eller midlar til forsyningar, prøvde å ta tilbake fortet ved Vandavasi nær Pondicherry. Han vart angripen av styrkane til sir Eyre Coote og gjekk på eit avgjerande tap. Den franske generalen Marquis de Bussy-Castelnau og franskmennene var avgrensa til Pondicherry, der dei overgav seg den 16. januar 1761. Wandiwash er den angliserte utgåva av Vandavasi.[1]

Slaget ved Wandiwash
Del av sjuårskrigen
Fort - Vandavasi.jpg
Dato 22. januar 1760
Stad Wandiwash i India
Resultat Avgjerande britisk siger
Partar
Flag of the British East India Company (1707).svg Det britiske austindiske kompaniet French East India Company flag.gif Det franske austindiske kompaniet
Kommandantar
Eyre Coote Count de Lally
Styrkar
1700 2000
Sjuårskrigen: Austindia
PlasseyCuddaloreNegapatamPondicherryWandiwash - Manila

Dette var den tredje karnatiske krigen utkjempa mellom franskmennene og britane. Etter å teke store område i Bengal og Hyderabad, fekk britane store inntekter og var fullt utstyrt til å møte franskmennene i Wandiwash. Dermed tok dei ein stor siger mot Frankrike.

I følgje boka Annals of the wars of the eighteenth century av Author Eduard Cust frå 1800-talet, bestod den franske armeen av 300 kavaleristar, 2250 europeiske infanteristar, 1300 sepoyar, 3000 mahrattaer med 16 kanonar, medan engelskmennene hadde 80 europeiske hestar, 250 innfødde hestar, 1900 europeiske infanteristar, 2100 sepoyar og 26 kanonar.[2]. Slaget ved Wandiwash omfatta at Chetpattu (Chengalpattu), Tirunomalai (Thiruvannaamalai), Tindivanam og Perumukkal vart erobra. [3]

KjelderEndra

  1. Heritage History - List of Battles
  2. Eduard Cust (1862). «Annals of the wars of the eighteenth century, compiled from the most authentic histories of the period , Volume 3».  line feed character in |title= at position 103 (hjelp);
  3. John Henry Garstin, Lawrence Asylum Press (1878). «Manual of the South Arcot district». 

BakgrunnsstoffEndra