Slaggstein var eit tidleg byggemateriale, i bruk på 1800-talet, spesielt på stadar der det var jernverk og støyperi. Eigenleg er slaggstein eit avfallsprodukt under framstilling av støypejernsprodukt. Slagget var nærast «skum» på toppen av det smelta jarnet og vart støypt i blokker. Storleiken kunne variera, men vanleg storleik var som ei lecablokk i dag. Slaggstein vart brukt i staden for murstein. På Bærums Værk vart det bygt fleire arbeidarbustader med slaggstein. Desse vart rivne i samband med omlegging av Lommedalsveien tidleg på 1950-talet. Materialet vart òg brukt i den delen av uthusa som vart brukt som fjøs eller stallar. Eit par slike står framleis på «Værket». Pussa slagsgtein er òg vorten brukt i praktbygg som Ulefos Hovedgaard.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre