Bærums Verk tettstad
Bærums Verk er ein tettstad i Bærum kommune i Akershus fylke, sør i dalføret Lommedalen. Tettstaden har fått namn etter jarnstøyperiet Bærums Verk, som låg her og vart lagd ned i 1964.
Verkseigarbustaden frå 1764 er ein freda bygning som står i Verksgata, hovudgata gjennom verksområdet. Eit museum som syner historia til verket og eit utval av dei vedomnane i støypejarn som vart produsert på verket, ligg i gamle bygningar på verksområdet.
På siste parten av 1900-talet vart områda kring verket bygd tett ut med bustader i blokker og småhus.
Bakgrunnsstoff
endre- Bærums Verk ved visitoslo.com
- baerumsverk.no, nettstaden til Handelshuset Bærums Verk