Slipp Jimmy fri

(Omdirigert frå Slipp Jimmy fri!)

Slipp Jimmy fri er ein norsk animasjonsfilm frå 2006. Filmen vart skriven og regissert av Christopher Nielsen.

HandlingEndra

«Roy Arnie» drøymer om å drive sitt eige sirkus og erobre verda. Nøkkelen til at draumen hans skal gå i oppfylling er «Jimmy», ein elefant som er hekta på narkotika. Alt Roy Arnie treng å gjere for å få draumen til å verte sann er å sleppe «Jimmy» fri, men så rømer elefanten til vidda. Roy Arnie tek med seg to trøytte typar og jagar etter elefanten, men dei er ikkje åleine. Dyrevernarar, same-gangstarar og eit forfylla jaktlag vert òg med på elefantjakt. Elefanten, som er sterkt prega av abstinensar, har på si side slått seg saman med ein usedvanleg heltemodig elg.

AnnaEndra

Dette er den fyrste heilaftans dataanimerte spelefilmen frå Noreg. I januar 2004 vart det kjent at det totale budsjettet til filmen ville verte tre gonger så høgt som opphavleg planlagt, og premieren vart sett eitt år lenger fram i tid.

Sjølv om dette er ein norsk film, har filmskaparane valt å synkronisere lepperørslene til figurane til dei engelske stemmene, og deretter dubba filmen til norsk etterpå.

Filmen vart ein av dei to norske nominerte filmane til Nordisk Råds filmpris i 2006.

BakgrunnsstoffEndra