Sliven Peak
Sliven Peak (Vrah Sliven) har ei høgd på 530 moh aust på Melnik Ridge på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Fjellet har ei stupbratt sørside og ei delvis isfri nordside, oppom Kaliakrabreen i nordvest og Strumabreen i sør og aust.
Sliven Peak | |||
fjell | |||
Sliven Peak frå øvre Strumabreen.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Melnik Ridge | ||
Topp | Livingston Island | ||
• høgd | 530 moh. | ||
- koordinatar | 62°36′03.5″S 60°07′42″W / 62.600972°S 60.12833°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Sliven Peak 62°36′03″S 60°07′42″W / 62.600972222222°S 60.128333333333°W | |||
Fjellet er kalla opp etter den bulgarske byen Sliven.
Fjellet ligg 1,27 km aust for Melnik Peak, 5,3 km søraust for Leslie Hill, 5,77 km sør for Perperek Knoll, 2,5 km sørvest for Sindel Point og 1,68 km nord for Atanasoff Nunatak.