Slow Burn
Slow Burn Singel av David Bowie frå albumet Heathen | ||
B-side |
«Wood Jackson» (7") | |
---|---|---|
Utgjeve | 3. juni 2002 | |
Innspelt |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 4:43 (album) 3:55 (singelutgåve) | |
Selskap |
| |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
«Seven» (2000) |
Slow Burn | «Everyone Says 'Hi'» (2002)
|
«Slow Burn» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Han kom ut som den første singelen frå det 22. studioalbumet hans Heathen den 3. juni 2002. Songen kom ikkje på singel i Storbritannia. Det vart ikkje gjevne ut nokre singlar frå Heathen i Storbritannia før i september då «Everyone Says 'Hi'» kom ut.[1] Pete Townshend speler gitar på songen. Songen vart nominert til Grammyprisen for beste mannlege rockesong.
Singelomslag
endreOmslaget på singelen var fotografert av Markus Klinko der Bowie går framover med ein baby i armane. Det er sett saman av to bilete. Hovudet til Bowie er sett oppå hovudet til ein mannleg modell.[2]
Musikkvideo
endreMusikkvideoen til «Slow Burn» vart regissert av Gary Koepke, og kom ut i 2002.[3] Ein musikkvideo for «Slow Burn» vart lasta opp til den offisielle DavidBowieVEVO YouTube-kanalen den 23. mars 2011. Videoen syner Bowie kledd i kvitt medan han syng songen i eit platestudio. I bakgrunnen går ei jente rundt i det mørke kontrollrommet og rører stundom på utstyr og miksepulten. Videoen er ein redigert versjon av songen.[4]
Konsertopptak
endreSongen vart framført på fleire TV-show i 2002, men vart berre framført på dei to første konsertane på Heathen-turneen[5] og under ein promokonsert i Sony Music Studios i New York mellom dei to konsertane.
Innhald
endreCD-ar
endre- ISO-Columbia / 672744 1 (Austerrike)
- «Slow Burn» – 4:43
- «Wood Jackson» – 4:48
- «Shadow Man» – 4:46
- ISO-Columbia / COL 672744 2 (Austerrike)
- «Slow Burn» – 4:43
- «Wood Jackson» – 4:48
- «Shadow Man» – 4:46
- «When the Boys Come Marching Home» – 4:46
- «You've Got a Habit of Leaving» – 4:51
- Sony / SICP-162 (Japan)
- «Slow Burn» (edit) – 3:55
- «Shadow Man» – 4:46
- «When the Boys Come Marching Home» – 4:46
- «You've Got a Habit of Leaving» – 4:51
- «Baby Loves That Way» – 4:44
Medverkande
endre- Produsents
- David Bowie
- Tony Visconti
- Musikarar
- David Bowie – vokal, blåseinstrument
- Pete Townshend – gitar
- Tony Visconti – bassgitar, blokkfløyte, B-vox, strykearrangement
- Matt Chamberlain – trommer, loop-programmering, perkusjon
- David Torn – gitar, gitarsløyfer, Omnichord
- Jordan Rudess – piano og hammondorgel.
- The Scorchio Quartet
- Greg Kitzis – 1. fiolin
- Meg Okura – 2. fiolin
- Martha Mooke – bratsj
- Mary Wooten – cello
Salslister
endreListe (2002) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[6] | 69 |
Canada (Nielsen SoundScan)[7] | 33 |
Nederland (Mega Single Top 100)[8] | 69 |
Italia (FIMI)[9] | 16 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[10] | 80 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Slow Burn (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Heathen: 2002 - Pushing Ahead of the Dame».
- ↑ Klinko, Markus (2012). Icons. Running Press. ISBN 978-0762446766.
- ↑ «David Bowie - Slow Burn». David Bowie News. Henta 20. september 2021.
- ↑ «youtube.com – DavidBowieVEVO – Slow Burn». Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 18. september 2016.
- ↑ «David Bowie Tour Statistics: Heathen-turneen - setlist.fm». www.setlist.fm.
- ↑ "David Bowie – Slow Burn – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 20. september 2021.
- ↑ «Canadian Digital Song Sales». Billboard. 28. juni 2003. Henta 20. september 2021.
- ↑ "Dutchcharts.nl – David Bowie – Slow Burn" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 20. september 2021.
- ↑ "Italiancharts.com – David Bowie – Slow Burn". Top Digital Download. Hung Medien. Henta 20. september 2021.
- ↑ "David Bowie – Slow Burn – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 20. september 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- "Slow Burn" på Discogs (liste over utgjevingar)
- Heile songteksten på MetroLyrics
- Slow Burn (work) on MusicBrainz.org.