Opna hovudmenyen

Pete Townshend (fødd 9. mai 1945 i Chiswick i England) er ein engelsk rockegitarist, songar, låtskrivar og forfattar som hovudsakleg er kjend som gitarist og låtskrivar i The Who. Han har ei karriere som har vart over 40 år og leia bandet gjennom ein periode då bandet vart eit av dei viktigaste påverknadskjeldene i rockehistoria. The Who er òg kjend som eit av dei beste konsertbanda nokon gong.[1]

Pete Townshend
Pete Townshend Windmill-(jha).jpg
Pete Townshend gjer «vindmølla», som han har gjort kjend.
Fødd9. mai 1945 i London i England
FødestadLondon
FødenamnPeter Dennis Blandford Townshend
OpphavStorbritannia
Aktiv1961 -
SjangerRock, hardrock
InstrumentGitar, piano, synthesizer, vokal
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarThe Who
PlateselskapPolydor, MCA Records
Verka somMusikar
FarCliff Townshend
Gift medKaren Townshend
PrisarKennedy Center Honors

Townshend vart den viktigaste låtskrivaren for The Who, og skreiv over hundre songar for dei elleve albuma deira, inkludert rockeoperaene Tommy og Quadrophenia, samt albumet Who's Next, samt mange fleire songar gjeve ut på singlar, bonusspor og samlingar. Han har òg skrive over hundre songar for soloalbuma sine. Sjølv om han hovudsakleg er kjend som gitarist, er han òg ein habil songar og pianist, og han speler fleire andre instrument på soloalbuma, som banjo, trekkspel, synthesizer, piano, bass og trommer. Av musikkmagasinet Rolling Stone er han kåra til den 50. beste gitaristen gjennom tidene.

Han har òg skrive mange artiklar for aviser og magasin, bokmeldingar, essay, bøker og manuskript.

DiskografiEndra

  • Who Came First (1972)
  • Empty Glass (1980)
  • All the Best Cowboys Have Chinese Eyes (1982)
  • Scoop (1983)
  • White City: A Novel (1985)
  • Another Scoop (1986)
  • The Iron Man: A Musical (1989)
  • Psychoderelict (1993)
  • A Benefit For Maryville Academy (1998)
  • Live: The Fillmore (2000)
  • Live: The Empire (2000)
  • Live: Sadler's Wells (2001)
  • Live: La Jolla (2001)
  • Scoop 3 (2001)

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra