Småmarimjelle
Småmarimjelle (Melampyrum sylvaticum) er ei eittårig urt i snylterotfamilien med ei europeisk utbreiing. Arten har før vore rekna til maskeblomfamilien.
Småmarimjelle | |
Småmarimjelle | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Snylterotfamilien Orobanchaceae |
Slekt: | Marimjelleslekta Melampyrum |
Art: | Småmarimjelle M. sylvaticum |
Vitskapleg namn | |
Melampyrum sylvaticum |
Planta er 15 cm høg med ein oftast lite greina stengel. Blomen har ei gullgul krone som er kring 8 mm lang. Han har grann kronrøyr som ikkje er lengre enn dei trekanta begertennene. Kapselen har oftast to frø.
Småmarimjelle er heimleg og blømer kring juli i skogen og langt opp på fjellet over heile Noreg. Arten er funnen opp til 1350 m i Jotunheimen.[1]
Kjelder
endre- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 941.
- Tysk Wikipedia.