Smal smaragdgullkvefs
insektart
Smal smaragdgullkvefs (Elampus panzeri) er ein gullkvefs i slekta smaragdgullkvefsar som gjerne er å finna på tørre sandområde. Han snyltar truleg på gravekvefsar i slekta Mimesa og vitjar ofte blomar. Arten skil seg frå dei andre artane i slekta på lamellen på siste ryggleddet som er hesteskoforma med eit djupt søkk.
Smal smaragdgullkvefs | |
Hoe av smal smaragdgullkvefs Foto: Alexander Berg
| |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Årevengjer Hymenoptera |
Familie: | Gullkvefsar Chrysididae |
Slekt: | Elampus |
Art: | Smal smaragdgullkvefs E. panzeri |
Vitskapleg namn | |
Elampus panzeri |
I Noreg finst arten i heile Sør-Noreg der han kan finnast i juni. Han er ikkje påvist i Trøndelag.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Smal smaragdgullveps - Elampus panzeri skriven av Frode Ødegaard. Artikkelen vart utgjeven av Norsk institutt for naturforsking under lisensen CC BY 3.0. Henta 16. juli 2016.
- Referansar
- ↑ Ødegaard F, Lønnve OJ, Staverløkk A og Sydenham MAK (24. november 2021). «Vepser: Vurdering av smal smaragdgullveps Elampus panzeri for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.