Small Change
Small Change Studioalbum av Tom Waits | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1976 | |
Innspelt | 15.-29. juli 1976 | |
Sjanger | Jazz, viser | |
Lengd | 49:28 | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | Bones Howe | |
Tom Waits-kronologi | ||
---|---|---|
Nighthawks at the Diner (1975) |
Small Change | Foreign Affairs (1977)
|
Small Change er det fjerde albumet til Tom Waits frå 1976 på Elektra/Asylum Records. Det vart spelt inn i juli 1976.
Albumet består hovudsakleg av rolege pianoballadar, men inneheld òg nokre raskare jazzprega spor som «Step Right Up» og «Pasties and a G-string» der han nærmast rappar fram teksten. Temaet til albumet er einsemd, sakn og drikkeproblem. Waits skildrar ei urban verd med karakterar som er nattmennesker og drukkenboltar, folk ute i kulden og folk med store personlege problem. Settingane inkluderer horer, stripparar og taparar og Waits syng songane med ei sår og ru stemme i lag med piano, ståbass og saksofon. Waits presenterer noko av denne verda med humoristiske tekstar, som på «The Piano Has Been Drinking» og «Bad Liver and a Broken Heart» med tekstlinjer som:
Well I got a bad liver and a broken heart,
yea I drunk me a river since you tore me apart,
and I don't have a drinking problem,
cept when I can't get a drink
Opningssporet, «Tom Traubert's Blues», er i stor grad basert på den gamle australske songen «Waltzing Mathilda», særleg refrenget som er nesten identisk ord for ord. Songen vart spelt inn av Rod Stewart på albuma Lead Vocalist og Unplugged and Seated under tittelen «Tom Traubert's Blues (Waltzing Matilda)».
Albumet fekk gode kritikkar og då det kom ut vart albumet det mestselgande Waits hadde hatt til då og nådde 89. plass på den amerikanske albumlista, den høgaste plasseringa hans fram til Mule Variations i 1999.
Modellen som er strippar på plateomslaget er Cassandra Peterson.
Innhald
endreAlle songar er skriven av Tom Waits.
- «Tom Traubert's Blues (Four Sheets to the Wind in Copenhagen)» – 6:39
- «Step Right Up» – 5:43
- «Jitterbug Boy» – 3:44
- «I Wish I Was in New Orleans» – 4:53
- «The Piano Has Been Drinking (Not Me)» – 3:40
- «Invitation to the Blues» – 5:24
- «Pasties and a G-String» – 2:32
- «Bad Liver and a Broken Heart» – 4:50
- «The One That Got Away» – 4:07
- «Small Change» – 5:07
- «I Can't Wait to Get Off Work» – 3:17
Medverkande
endre- Harry Bluestone – fiolin
- Jim Hughart – bass
- Ed Lustgarden – cello
- Shelly Manne – trommer
- Lew Tabackin – tenorsaksofon
- Tom Waits – vokal, piano
- Jerry Yester – strykearrangement, dirigent
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Small Change» frå Wikipedia på engelsk, den 18. november 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- MacLaren, Trevor, «Tom Waits: Small Change», 2004 March 2 All About Jazz.com link