Jerry Yester

amerikansk musikar

Jerome Alan «Jerry» Yester (fødd 9. januar 1943) er ein amerikansk folkrockmusikar, plateprodusent og arrangør.

Jerry Yester

Fødd9. januar 1943 (81 år)
FødestadBirmingham i Alabama i USA
FødenamnJerome Alan Yester
OpphavUSA
AktivSidan 1960
Sjangerpop, folk
Instrumentvokal
Tilknytte artistarThe New Christy Minstrels, Modern Folk Quartet, The Lovin' Spoonful
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent, arrangør

Yester vart først med i The New Christy Minstrels tidleg i 1960-åra og i 1963 i Modern Folk Quartet, som gav ut to album dei neste to åra. Yester var òg studiomusikar og spelte mellom anna piano på The Lovin' Spoonful-songen «Do You Believe in Magic» i 1965. MFQ vart oppløyst i 1966 og Yester byrja for seg sjølv. I 1967 erstatta han Zal Yanovsky i The Lovin’ Spoonful, som han seinare arbeidde med om produsent, men i 1968 vart Spoonful oppløyst for dei neste 23 åra. Yester var så med å skipe bandet Rosebud, men dette vart oppløyst i 1971.

Yester arbeidde òg som produsent og arrangør, mellom anna på album av The Turtles, Pat Boone, Aztec Two Step og Tom Waits. Sidan har han delteke i sameinte utgåver av MFQ og Lovin' Spoonful, men fekk sparken då han vart arrestert og dømd for oppbevaring av barnepornografi i 2017.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre