Illustrasjon til diktet av Th. Kittelsen.
Dommaren konsulterer lovboka.
Den arme bakaren.

Smeden og Bageren er eit dikt av Johan Herman Wessel. Det er ei humoristisk forteljing som kritiserer rettsmakta og mangelen på fornuft i samfunnet. Diktet blei skrive i 1770-åra og trykt for første gong i 1784, i vekebladet til Wessel, Votre Serviteur Otiosis.

Handlinga går føre seg i ein liten by der det bur to bakarar og ein smed. Smeden drep ein annan mann og blir stilt for retten. Fire av borgarane i byen seier til dommaren at dei berre har ein smed i byen, og derfor må dommaren la smeden gå. Og sidan byen har to bakarar, og den eine er gammal og skrøpeleg, kan heller han sone straffa, og bli hengt, i staden for smeden.

Slik går det: Bakaren blir dømt til døden uskuldig, mens den skuldige smeden får gå fri. Frå dette diktet kjem uttrykket «å retta bakar for smed», om å straffa feil person for eit brotsverk.

Moralen i forteljinga, hevdar Wessel, er at ein alltid skal vere førebudd på døden.

Fleire stader i diktet vender forfattaren seg til lesaren for å overbevisa om at han ikkje skriv om seg sjølv.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra