Smelting er for eit stoff overgangen frå fast til flytande tilstand. Til dette blir det kravd varme, smeltevarme, og så lenge smeltinga pågår, held stoffet seg på ein bestemd temperatur, smeltepunktet. Til dømes har ei blanding av reint vatn og is eller snø alltid 0 °C ved 1 atm trykk. Ved smelting føregår ei volumendring. Dei fleste stoffa utvidar seg under smelting, medan vann tek mindre plass enn is.

Issmelting

Det motsette til smelting er frysing eller storkning.

Kjelder endre