Smethwick
Smethwick er ein by i distriktet Sandwell i West Midlands i England. Han ligg i utkanten av byen Birmingham innanfor grensene til dei historiske grevskapa Staffordshire, Worcestershire og Warwickshire.
Smethwick | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | West Midlands | |
Distrikt | Sandwell | |
Geografi | ||
Koordinatar | 52°29′N 1°58′W / 52.483°N 1.967°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | B | |
Telefon-retningsnummer | 0121 | |
Opphavleg var området eit bydistrikt og frå 1894 ein kommune i Staffordshire. I 1907 vart det eit eige distrikt. I 1966 vart Smethwick slått saman med distrikta Oldbury og Rowley Regis til distriktet Warley, og vart overført til grevskapet Worcestershire. Dette vart igjen slått saman med West Bromwich i 1974 for å danne distriktet Sandwell, som vart innlemma i det nye grevskapet West Midlands. Byen Oldbury-Smethwick hadde kring 140 000 innbyggjarar i 2007.
Kjende folk frå Smethwick
endre- Charles Douglas Fox (1843–1921), sivilingeniør
- Sydney Barnes (1873–1967), cricketspelar
- Ann George (1903–1989), skodespelar
- Julie Walters (f. 1950), skodespelar
- Patrick Cowdell (f. 1953), boksar
- Mark Van Hoen (f. 1966), electronisk musikar
- Richard Swinburne (f. 1934), filosof
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Smethwick» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2011.