Snøball
Ein snøball er ein ball av snø, vanlegvis laga ved å presse saman kram snø med hendene til ein om lag knyttenevestor ball. Ein kan bruka snøballar til å laga snømann, snølykt og liknande, og til å halda snøballkrig.
Ein snøball kan også vere ein større ball av snø som har vorte laga ved å rulle ein liten snøball bortover ei snødekt strekkje. Den vesle snøballen veks ved at han klabbar på seg meir snø etterkvart som han vert rulla bortover. Omgrepet «snøballeffekt» kjem frå dette.
Kor hard snøballen vert avheng av tilstanden til snøen han er laga av og kor hardt snøen er pakka saman.
Snøballen i historia
endreSnøballkrig er kjend som tidtrøyte frå mellomalderen. Ambrogio Lorenzetti (ca. 1290–1348) lét si måla personifisering av vinteren halde ein snøball.
5. mars i 1770 leidde snøballpepringa mot okkuperande britiske soldatar og følgjande hendingar til Bostonmassakeren, som igjen vart ein av gneistane som sette i gang den amerikanske revolusjonen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Snowball» henta frå Wikipedia på engelsk 3. februar 2007. Den engelske artikkelen oppgjev desse kjeldene:
- Om snøballkrigar i mellomalderen (på engelsk).