Ambrogio Lorenzetti

Ambrogio Lorenzetti eller Ambruogio Laurati, fødd omkring 1290 i Siena og død omkring 1348 i Siena, var ein italiensk målar som arbeidde i Siena; truleg var han elev av Duccio.

Ambrogio Lorenzetti

Statsborgarskap Republikken Siena
Fødd 1290
Siena
Død

9. juni 1348 (58 år)
Siena

Yrke kunstmålar
Språk italiensk
Ambrogio Lorenzetti på Commons
Allegori over god regjering, 1338
Jesus vert boren fram i tempelet, 1342

Liv og gjerning endre

Saman med den eldre broren Pietro Lorenzetti laga Ambrogio Lorenzetti ein del freskar og altartavler med religiøse motiv, i hovudsak i Siena og Assisi. Det første beviset på eksistensen av eit timeglas finst i eit av måleria hans; Allegori over god regjering (1338). Han døydde sannsynlegvis av byllepest.

Lorenzetti sameina målarstilen i Siena med den florentinske kunsten. Han makta å utvikle motiva og stilen til Giotto og Simone Martini. Kjenneteikna på hans tidlege verk er klare og faste former, samt rein og skarpt attgjevne fargar. Dei seinare arbeida hans viser ei romoppfatning som er nær ei perspektivisk framstilling.

I Palazzo Pubblico i Siena utførte Lorenzetti arbeid i Sala dei Nove, og han laga freskar i loggiaen og i Sala del Mappamondo.

Utvalde verk endre

  • «Madonna lactans» (omkring 1330)
  • Allegori over god regjering (1338)
  • Tronande Madonna med barnet, englar og helgenar (omkring 1340)
  • Jesus vert boren fram i tempelet (1342)

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre