Snaefell Mountain Railway
Snaefell Mountain Railway er ei elektrisk jarnbane på Man, stifta i 1895. Ho går mellom landsbyen Laxey og toppen av Snaefell, det einaste fjellet på Man.[1] I Laxey har jarnbana samband med Manx Electric Railway (MER), som går vidare til hovudstaden Douglas. Fjelljarnbana er åtte km lang, har ei sporvidd på 1 067 mm og nyttar systemet Fell Incline Railway System for å bremsa i bratte strekningar. Jarnbana er elektrifisert med kontaktleidning på 550 volt.
Kjelder
endre- ↑ «Manx Electric Railway Online», Manx Electric Railway Online (på engelsk), 14. januar 2015, henta 24. januar 2019
- Denne artikkelen bygger på «Snaefell Mountain Railway» frå Wikipedia på bokmål, den 25. desember 2018.